Kulturskulen gir kunst- og kulturfagleg opplæring som varetek behovet til barn og unge for, og rett til, å delta i kunst- og kulturlivet. Kulturskulen er tydeleg til stades i det lokale kunst- og kulturlivet. Den tilbyr barn og unge meiningsfulle aktivitetar og støtte og retning på vegen mot det profesjonelle kunst- og kulturfeltet. Ein kulturskule for alle inneber at alle opplever tilbodet ved kulturskulen som relevante og inkluderande, uavhengig av kva bakgrunn og kva føresetnader dei har.
Kulturskulen har eit spesielt ansvar for barn og unge, men har meir å tilby: til vaksne og eldre, og til heile lokalsamfunnet. I lokalsamfunnet skal alle få møta kunsten og kulturen – i tett samanheng med skule og kulturlivet. Som aktiv forvaltar av kunst- og kulturarv har kulturskulen eit tilbod som berører alle som bur i kommunen, gjennom heile livet.
Kulturskulen blir kjenneteikna av høg kompetanse på kunst og kultur. For å vera ein kulturskule for alle er kulturskulen synleg i lokalsamfunnet og når ut til innbyggjarane på mange ulike vis. Den gir kunst- og kulturopplæring til barn og unge, den gir og formidlar opplevingar av kunst og kultur, og den styrkjer den kunstnariske dimensjonen i livet til innbyggjarane.
Kulturskulen utfører oppdraget sitt i tett samarbeid med dei andre ressursane i kommunane. Kulturskulen bidreg til å styrkja den kulturelle kompetansen og utfaldinga i lokalsamfunnet gjennom forpliktande samarbeid med skule-, kultur-, helse- og velferdssektoren. Dette samarbeidet rettar seg mot alle innbyggjarar i kommunen, og kulturskulen utgjer ei bru mellom skule og fritid.
(frå rammeplan)