Eigenandel
Alle beløp er pr. semester
Instrumentopplæring/song frå 01.08.2026 2220,-
Gruppeopplæring (dans, drama, kunstfag) frå 01.08.2025 1.975,-
Instrumentleige og materialutgift kunstfag frå 01.08.2025 455,-
Utmelding skal gjerast i Speedadmin.
Elevkontingent blir fakturert to gonger årleg, og er knytt til purrings- og inkassosystemet til kommunen.
Det er kommunestyret som kvart år vedtek betalingssatsane.
Sein start
Det blir ikkje gitt reduksjon i pris ved sein start i august, september eller i januar.
Reduksjonar etter dette:
300,- i reduksjon ved oppstart i oktober og februar.
600,- i reduksjon for oppstart i november og mars.
900,- i reduksjon for oppstart i desember og april.
Innbetalt kontingent blir ikkje refundert, bortsett frå i spesielle tilfelle.
Redusert eigenandel p.g.a. låg inntekt,
Inntekt må dokumenterast med likningsattest frå føregåande år.
Bruttoinntekt i husstanden under kr. 642.700,- vert sett til 50% av full pris.
Bruttoinntekt i husstanden under kr. 366.667,- vert sett til 25% av full pris.
Her finn du søknadskjema om redusert eigenandel.
Skjemaet sendes: klepp.kulturskule@klepp.kommune.no
Redusert elevbetaling kan berre søkjast for elevar under 18 år.
Klar ferdig fritid!
Kulturskulen kan søke om støtte til elevar med betalingsutfordringar.
Ta kontakt med rektor hvis dette kan være aktuelt for deg.
Her kan du lese meir om ordninga: