Skip to main content

Vilkår

Kulturskulen sender ut faktura på eigenandelen to gangar årleg, og er knytt til kommunens purrings- og inkassosystem.

Eigenandelen blir fastsett for eit år om gangen, og blir justert per 1. august som eit resultat av behandling av kommunens handlings- og økonomiplan.

Ved påmelding til kulturskulen aksepterer ein følgjande vilkår:

Avtalen er økonomisk bindande og opphøyrer først når utmelding er mottatt av rektor innan gjeldande frist.
Utmelding skal gjerast i speedadmin.
Lærere kan ikkje motta utmeldingar

Utmeldingsfrister:
- For vårsemesteret 1. desember
- For haustsemesteret 1. mai

Eleven er automatisk påmeldt til vårsemesteret viss ikkje skriftleg utmelding gjeld innan utløpet til fristen.
Ved utmelding før 15. september eller før 1. februar vil det bli fakturert en eigenandel på kr. 400,- Ved utmelding etter desse fristane blir ein fakturert for heile semesteret. 

Nye elevar har ein gratis prøvetime, og viss plassen ikkje blir behalden må skriftleg utmelding vera mottatt av rektor innan 3 dagar etter prøvetimen.

Det kan søkast om redusert eigenandel grunna låg inntekt

Videoundervisning blir rekna som ordinær undervisning og gir ikkje refusjonsgrunnlag.
Ved tap av undervisning meir enn tre gangar pr. halvår, kan ein ved
skriftleg førespurnad til kulturskulen krevja reduksjon i eigenandelen utover desse tre gangane, dersom fråværet skylder mangel på vikar,
i dette inngår ikkje omorganisering av undervisninga eller veker med fellesprosjekt hvor ordinær undervisning utgår. 
Reduksjon etter tre gangar gjeld ikkje i dei instrumentalfaga kor ein har meir undervisning/aktivitet enn 20min per veke. 
Innbetalt eigenandel blir ikkje refundert.

Klepp kulturskule har obligatorisk oppmøte.

Ved fråvær skal du gi beskjed til læraren din eller til kulturskulen.
Ved fråvær meir enn tre gangar i semesteret risikerer du å mista elevplassen din.