Skip to main content Skip to footer

16-10-2026

Oppstart fredagsskulen

Målet med undervisningsprogrammet er at du skal få inspirasjon og moglegheit til fagleg fordjuping, utvikling og ekstra innsats. På «Fredagskulen Jæren» møter du andre ungdomar som vil lære meir innan sitt kunstnariske fagområde. Du får undervisning av godt kvalifiserte lærarar. I tillegg til fordjuping i fagleg aktivitet, legg vi vekt på å skape eit triveleg sosialt fellesskap og vi har enkel matservering i pausane.
Innhald: Fordjuping innan teknikk, teori, ulike stilartar, formidling og utøving av faget. Undervisning og rettleiing er tilpassa den enkelte elev og organisert individuelt og i grupper.
Alder: Tilbodet er for deg som er i alder frå 7.trinn til og med 3.trinn på vidaregåande og som for er elev i Hå, Klepp eller Time kulturskule.

Det blir 10 samlingar skuleåret 26/27
Forpliktande obligatorisk oppmøte på alle dei oppgitte datoane.



2026
1.september: Søknadsfrist ny sesong 
16.oktober: Samling 1 – Oppstart 
23.oktober: Samling 2 
6.november: Samling 3
20.november: Samling 4
27.november: Samling 5

2027
8.januar: Samling 6 
22.januar: Samling 7
5.februar: Samling 8
26.februar: Samling 9
27.februar: Samling 10 – Avslutningsarrangement Kl 14:00 (elevoppmøte 12:00) 


Elevane må sjølv ta med seg niste. Det vert kun enkel pausemat m/ frukt/nøtter/kjeks.  

Krav til elevar som deltek:
Du må ha ekstra interesse og føresetnad for å arbeide i djubda med faget ditt. Du må ha god eigeninnsats både på timane og i tida mellom samlingane.

I søknadskjemet må du svare på mellom anna følgjande spørsmål:
Fag du søkjer på?Kvifor søkjer du?
Kva betyr faget for deg?
Kor lenge har du vore aktiv i faget?
Er du aktiv i andre gruppar med faget?
Lærar som kan være referanse

På bakgrunn av søknad kan aktuelle elevar/foresatt innkalt til kort intervju.

Søknadsfrist for 2026/27: 1/9