Skip to main content

Vilkår


Kulturskulen gir eit opplæringstilbod som skal pregast av kvalitet, glede og variasjon tilpassa den enkelte eleven.

Kulturskulen underviser både individuelt og i grupper. Gruppeleksjonar i musikk utgjer minst 30 minutter med undervisning per veke, medan individuell undervisning utgjer minst 20 minutt per veke.
Desse vilkåra er laga for å sikra at den einskilde brukar skal oppleve kulturskulen som inkluderande, tydeleg og rettferdig. 

Vikår

Alle som ønsker å få undervisning på kulturskulen må søkje via våre websider.


SpeedAdmin er skulen sitt system for elevadministrasjon. Ved søknad om elevplass får søkjar eige brukarnamn og passord for innlogging. Det er også mogleg å bruke MinID.
Brukaren er ansvarleg for å sikre at all kontaktinformasjon i SpeedAdmin er korrekt og oppdatert til ei kvar tid. Dette gjeld også ventelister.

Alle barn og unge (0 - 19) år som er busett i Klepp kommune kan søkje opptak i kulturskolen. Vaksne kan få plass viss det ikkje er venteliste. 

Om du ikkje får plass vil du stå på venteliste, og vil kunne få plass dersom det vert ledig.
NB! Dersom du har søkt og ikkje fått plass i løpet av skuleåret, må du re-registrere(bekrefta) søknaden din til kommande år!

 Me  tek imot søknadar gjennom heile året.

Hovudkriterium for opptak er søkedato. Opptak i løpet av året vil også avhenge av kva slags plassar som blir ledige og eventuelt alder på dei ein er i gruppe med.

Nye elevar har ein gratis prøvetime, og viss plassen ikkje blir behalden må skriftleg utmelding vera mottatt av kulturskulen innan 3 dagar etter prøvetimen.

Mange av våre elevar går på det same tilbodet i mange år. Før sommarferien må alle stadfeste vidareføring av plassen (re-registrere seg). Kulturskulen informerer via e-post og heimeside når re-registreringa er open.

Frist for melding om vidareføring av plassen eller utmelding er 1.5.
Utmeldingsfrist for vårsemesteret er 1.12.
Ved manglande re-registrering blir eleven utmeldt ved semesterslutt.

Om elev og lærar ikkje finn ei felles tid for undervisning, kan eleven flyttast til venteliste eller bli utmeldt. Dette må avklarast i løpet av maks to veker etter oppstart. 

Skal du slutte på kulturskulen, må du vere merksam på følgjande:

Avtalen er økonomisk bindande og opphøyrer først når utmelding er mottatt av skulen innan gjeldande frist.
Utmelding skal gjerast i speedadmin.
Lærere kan ikkje motta utmeldingar

Utmeldingsfristar:

For komande vårsemester: 1.12
For komande haustsemester: 1.5

Eleven er automatisk påmeldt til vårsemesteret om ikkje skriftleg utmelding er sendt innan fristen (1.12.)

Nye elevar som ikkje ønsker å ta imot tilbod om elevplass må gje skriftleg melding til kulturskulen sin administrasjon.
Nye elevar har ein  gratis prøvetime.. Om eleven ønsker å slutte etter prøvetimen, må administrasjonen få skriftleg melding om dette. Frist er  tre dager etter prøvetimen. 
Tidlegare elevar har ikkje rett til prøvetime i same disiplin. Me tilbyr ikkje prøvetime for kortkurs eller sommarkurs.

Om elev og lærar ikkje finn ei felles tid for undervisning, kan eleven flyttast til venteliste eller bli utmeldt. Dette må avklarast i løpet av maks to veker.

Ved utmelding før 15. september eller før 1. februar vil det bli fakturert en eigenandel på kr. 400,- Ved utmelding etter desse fristane blir ein fakturert for heile semesteret. 

Elevar og føresette held seg oppdatert om viktige beskjeder. Kulturskulen brukar sms og e-post 

Føresette har ansvar for å sjå til at vårt elevstyringsprogram (SpeedAdmin) alltid er oppdatert med riktige kontaktopplysningar. 

Kulturskulen forventar at eleven er venleg og høfleg og kjem førebudd og presis til timen. Om eleven ikkje kan kome til undervisninga, må læraren få beskjed i god tid (sms eller telefon til læraren). Timen vert ikkje erstatta.

Elevane våre får nokre gonger høve til å delta på kulturskulearrangement utanom ukentlig undervisning. Nokre ekstraoppmøte i samanheng med dette må prioriterast.

Kulturskulen nyttar den nasjonale rammeplanen (Link til rammeplanen på kulturskulerådet sine websider) for kulturskuler og eigne lokalt utarbeida læreplanar (Link til  læreplanar) som grunnlag for undervisninga. Pedagogane våre har metodefridom i undervisninga og undervisninga er organisert ulikt. Elevane kan få enkelttimar, smågruppe-timar (2-4 elevar) eller gruppetimar (4+ elevar) basert på fagleg grunnlag med omsyn til elevane sin alder, modenheit og nivå.

Når ein av våre lærarar er sjuk eller på anna måte må vere borte frå undervisninga, gjer vi det vi kan for å skaffe ein kvalifisert vikar slik at undervisninga kan gjennomførast som planlagt. Dessverre klarer vi ikkje alltid dette, og då kan undervisninga bli avlyst. Melding om dette vert sendt ut på sms til den som vi har registrert i vår database.

Ved tap av undervisning meir enn tre gangar pr. halvår, kan ein ved
skriftleg førespurnad til kulturskulen krevja reduksjon i eigenandelen utover desse tre gangane, dersom fråværet skylder mangel på vikar.
I dette inngår ikkje omorganisering av undervisninga eller veker med fellesprosjekt hvor ordinær undervisning utgår. 
Reduksjon etter tre gangar gjeld ikkje i dei instrumentalfaga kor ein har meir undervisning/aktivitet enn 20min per veke. 
Videoundervisning blir rekna som ordinær undervisning og gir ikkje refusjonsgrunnlag.
Fråtrekk utregnes slik: Gjeldande
kontingent delt på talet på veker undervisning ganga med talet på gonger tapt undervisning, utover tre tilfelle.

Ved lengre sjukmeldingar og permisjonar kan timeplanen bli endra. Hovudmålet vårt er å gjere undervisninga så stabil som mogleg gjennom heile skuleåret.

Kulturskulen sender ut faktura på eigenandelen to gangar årleg, og er knytt til kommunens purrings- og inkassosystem.

Eigenandelen blir fastsett for eit år om gangen, og blir justert per 1. august som eit resultat av behandling av kommunens handlings- og økonomiplan.

Det kan søkast om redusert eigenandel grunna låg inntekt.

Link oversikt over eigenandel


Ved påmelding til kulturskulen aksepterer ein følgjande vilkår:
Avtalen er økonomisk bindande og opphøyrer først når utmelding er mottatt av kulturskulen innan gjeldande frist.
Utmelding skal gjerast i speedadmin.
Lærere kan ikkje motta utmeldingar

Klepp kulturskule har obligatorisk oppmøte. Ved fråvær skal du gi beskjed til læraren din eller til kulturskulen.
Ved fråvær meir enn tre gongar i semesteret risikerer du å mista elevplassen din.