Skip to main content Skip to footer

Kva kan dei føresette bidra med?

Kva kan dei føresette bidra med for å støtte barnet?
  • Snakke positivt om skule og læring.
  • Følgje med på det som kjem av informasjon frå kulturskulen (halde seg oppdatert).
  • Hjelpe barnet med å innarbeide gode rutinar for øving (litt kvar dag).
  • Reflektere saman med barnet over korleis det går.
  • Spørje barnet om vekas lekse.
  • Ta kontakt med kulturskulen dersom du opplever at barnet ditt strevar med å lære. Kjensla av å meistre gir barn og unge lyst til å lære meir.
  • Spør etter informasjon om framgangen til barnet.
  • Følgje opp elevar på konsertar/framsyningar.