Skip to main content

Velkommen til Klepp kulturskule
Klepp kulturskule har tilbod om undervisning i ulike kunstfag. Alle barn og unge (0 - 19) år som er busett i Klepp kommune kan søkje opptak i kulturskolen. Vaksne kan få plass viss det ikkje er venteliste. 

Våre fag:

Gratis kulturskolekor

Gratis kulturskolekor

Alle barn og unge i Klepp kan søke

Alle barn og unge i Klepp kan søke

Ofte stilte spørsmål

Her finn du satsar for eigenandel: Eigenandel

Du kan søke heile året. Vi tek inn nye elever etterkvart som det blir ledige plassar.

Når du søkar om plass vil du bli satt på venteliste. Så snart du får plass sender vi opptaksbrev som e-post. Du beheld plassen på ventelista inntil du blir tatt opp.

Vi prioriterar born mellom 0-19 år som bur i Klepp kommune.
Er det ledige plassar tek vi opp vaksne eller born frå andre kommunar.

Klepp kulturskule har obligatorisk oppmøte. Ved fråvær skal du gi beskjed til læraren din eller til kulturskulen.
Ved fråvær meir enn tre gongar i semesteret risikerer du å mista elevplassen din.

I april vil du bli bedt om å re-registrere deg ( bekrefte elevplass).
Det kan du lesa meir om her

Utmeldingsfrist for elevar som vil slutta i løpet av skuleåret er 1. desember. For å melda deg ut må du logga inn i SpeedAdmin og velja «utmelding» på første side, eller senda ein e-post med beskjed om utmelding til klepp.kulturskule@klepp.kommune.no. Det er ikkje nok å berre seia ifrå til lærar. Du er automatisk påmeldt til vårsemesteret og må betala for dette viss du ikkje har gjort utmeldinga innan 1. desember.