Skip to main content

Du kan søkje kulturskulen heile året.

Her er link til søknadsportal (Klepp kulturskule nyttar administrasjonsprogrammet Speedadmin.) 

Plassar vert tildelt i slutten av juni, og du vil da få skriftleg melding om dette på mail.
Da vil du og få tildelt tid, stad og lærar du skal ha.

Om du ikkje får plass vil du stå på venteliste, og vil kunne få plass dersom det vert ledig.
NB! Dersom du har søkt og ikkje fått plass i løpet av skuleåret, må du re-registrere søknaden din til kommande år!

Ein reknar plassen som oppteken til utmelding er motteke.
Dette kan du gjere i Speedadmin. Frist for utmelding frå kulturskulen er 1. des. og 1. mai.

Ved utmelding før 15. september eller før 1. februar , vil det bli fakturert kr. 400,-.  
Ved utmelding etter desse  fristane blir ein fakturert for heile semesteret.

 

Klepp kulturskule fylgjer kommunal skulerute.

Det er mulig å søkje omredusert eigenandel p.g.a. låg inntekt, meir info.:  Prisar