Skip to main content

Klepp kulturskule har inngått ei 3-årig avtale med Jæren Sparebank om kulturskulestipend for elevar i kulturskulen. Avtalen er på tre stipend i storleik 10.000 kroner kvar + eit kunstverk og diplom laga av kunstnaren Stine Rommetveit.

Stipendet vert gitt til tre elevar som er aktive i kulturskulen og har bustadadresse i Klepp kommune. Søkjaren må være aktiv innan Musikk, Drama, Dans eller Kunstfag, eller vera medlem i eit av kommunen sine skulekorps. 

Stipendet vert gitt til elevar i alderen fra og med 8. trinn på ungdomsskule til og med siste året på vidaregåande skule. 


Innsats, interesse og faglig utøvelse er element som blir vurdert ved tildeling.
Grunngivelse for å søke stipend og korleis det skal brukast blir tatt med i vurderinga.
Utdeling av stipend skjer i forbindelse med eit av kulturskulens arrangement.

Den som får tildelt stipend skal kunne stille med eit scenisk innslag på tildelingsarrangementet.
Stipendvinnar skal på oppdrag frå Jæren Sparebank kunne stille med eit innslag på arrangement i regi av bedriften.

Søknadsfrist:

 

Vår 2024: søknadsfrist 15. mars 2024

Utdeling av stipend vil skje i løpet kulturskuleveka (juni)