Skip to main content

Fordypning

Foreløpig plan
Fordjupingsprogrammet har opptak av elevar med særleg interesse og føresetnad for faget. Søknadsfrist 24.mai 2024
Målet med undervisningsprogrammet er at du skal få inspirasjon og moglegheit til fagleg fordjuping, utvikling og ekstra innsats. På «Fredagskulen Jæren» møter du andre ungdomar som vil lære meir innan sitt kunstnariske fagområde. Du får undervisning av godt kvalifiserte lærarar. I tillegg til fordjuping i fagleg aktivitet, legg vi vekt på å skape eit triveleg sosialt fellesskap og vi har enkel matservering i pausane.
Innhald: Fordjuping innan teknikk, teori, ulike stilartar, formidling og utøving av faget. Undervisning og rettleiing er tilpassa den enkelte elev og organisert individuelt og i grupper.
Alder: Tilbodet er for deg som er i alder frå 7.trinn til og med 3.trinn på vidaregåande og som for er elev i Hå, Klepp eller Time kulturskule.
Krav til elevar som deltek:
Du må ha ekstra interesse og føresetnad for å arbeide i djubda med faget ditt. Du må ha god eigeninnsats både på timane og i tida mellom samlingane.
I søknadskjemet må du svare på mellom anna følgjande spørsmål:
Fag du søkjer på?
Kvifor søkjer du?
Kva betyr faget for deg?
Kor lenge har du vore aktiv i faget?
Er du aktiv i andre gruppar med faget?
Lærar som kan være referanse
På bakgrunn av søknad blir aktuelle elevar/foresatt innkalt til kort intervju.
Kostnad:
Kr 300,- kvart semester. Oppgjer skjer via kvar kulturskule.
Samlingar skuleåret 2024-2025 (føreløpig plan)
Forpliktande obligatorisk oppmøte på alle dei oppgitte datoane.
6 september 2024 14.februar 2025
20.september 2024 14.mars 2025
18.oktober 2024 25.april 2025
22. november 2024 9. mai 2025
10.januar 2025 23.mai 2025
Stad for undervisning: Time kulturskule/samlokalisert med Bryne skule, Ola Barkveds veg 16
Fast klokkeslett for samlingane: Kl. 15.00 – 17.30