Skip to main content

Klassisk Ballett

BALLETT:
Klassisk ballett er ei grunnleggande treningsform, som vi kan beskriva som «mora» til ein del av dei sceniske dansestilane vi har i dag.

Ein klassisk ballett time har tradisjonelle rammer og øvingar, der timen startar på barren; pinnen på veggen. Der vi øver på balanse og varmar opp kroppen med øvingar som vi òg seinare skal gjera i senter.

Ballett er ei treningsform der koordinasjon, bevegelighet og styrke går hand i hand. I tillegg skal det jobbast for å få ein kroppsleg og teoretisk forståing av kva klassisk ballett er.

For viderekommende ballettelevar skal dei kunna jobba og utforska bevegelsane og teknikkane til balletten, utforska og fordjupa seg inn i forståinga deira over bevegelse og teknikkane i ballett.

Klassisk ballett   
Frå 1. trinn 

Her kan du søke om elevplass